Fiskekonkurranse
Fiskekonkurranse
Alle kan vere med! Fiske laurdag kl 15.
NM i pallepadling
 NM i pallepadling
NM i Pallepadling, fredag kl 18.
Torgmesse
Torg med lokale varer og spesialitetar
Torg med lokale varer og spesialitetar
Aktivitetar
Hengekonkurranse
Hengekonkurranse
Kaikafé
Kaikafe
Servering av "det våte element" m.m.
Program

FISKEKONKURRANSE

Laurdag 8. juli kl. 14.00 -17.00.

Kvifor ikkje prøve fiskelukka? Premiering til største og mest unike fangst til enkeltfiskar og båtlag under afterfish-festen i hagen hjå Brakanes Hotell klokka 17:00. Meld på som enkeltperson eller båtlag heilt fram til start hjå Ulvik Turistkontor: ulvikturist@ulvik.org  / 56526280

100 kr per enkeltfiskar, 200 kr per båtlag.
fiskekonkurranse_1

Velkomen som deltakar
Nyttig informasjon, tips og reglar for ein hyggeleg og fiskerik dag for alle på fjorden:
· Påmelding/Registrering skjer frå kl 11.00 på Ulvik Turistkontor sitt infopunkt på kaien.
· Fisketida er kl 14.00 til 17.00
· Fiskeområdet er Ulvikfjorden, innanfor ei linje Birjetangen - Hetlenes
· Fellesstart frå kaien ved Heradshuset/Tyssevikje
· Det kan kun nyttast handsnøre og stang
· Alle må nytta redningsvest om bord i båt
· Hugs at all nyttetrafikk har forkjørsrett på sjøen!
· Det er i følge lova forbudt å fiske nærare enn 100 meter frå fastståande
  fiskebruk, skjeldyrkingsanlegg osv
· Vis omsyn ovanfor medfiskarar
· Veging startar kl 17.00 i hagen på Brakanes Hotel - ha fisken i plastposar
  og oppgje deltakarnr. til kontrollør
  I hotellhagen vert det også grilling og premieutdeling frå alle konkurransane
  under festivalen! 
· Det vert gjeve premiar for
  - Flest fisk enkeltfiskar
  - Flest fisk båtlag
  - Størst fisk enkeltfiskar
  - Størst fisk båtlag
    (gjeld ikkje slappfisk, røykt eller tørka fisk, eller anna frå butikken!)
- Vinn flotte premiar frå Sparebanken Vest, Drøs, Coop Marked, Ulvik
  Sportsfiskarlag, Haugesenteret, Ulvik Bensin og Service med fleire.

fiskekonkurranse_2fiskekonkurranse_3

Over: Fangsten, både liten og stor og av ymse slag, vert registrert hjå domarane.


Fisketips:
- Dei lokale fiskane er svært hugne på blanke, gulbrune, og raude slukar.
- På varme dagar (som elles) gjev botnpilking ofte bra resultat. (Slepp sluken
  til botnen, sveiv opp litt og pilk i veg)

fiskekonkurranse_4fiskekonkurranse_5Over til venstre: Fiske frå båt på fjorden. Foto: Brynhild Steine, Avisa Hordaland
Over til høgre: Fiskelukke

Messeområdet på kaien i Ulvik