Fiskekonkurranse
Fiskekonkurranse
Alle kan vere med! Fiske laurdag kl 15.
NM i pallepadling
 NM i pallepadling
NM i Pallepadling, fredag kl 18.
Torgmesse
Torg med lokale varer og spesialitetar
Torg med lokale varer og spesialitetar
Aktivitetar
Hengekonkurranse
Hengekonkurranse
Kaikafé
Kaikafe
Servering av "det våte element" m.m.
Program

FESTIVALPROGRAM 2017

Torsdag kveld startar festivalen med disco på Brakanes Hotell; fyrst bornedisko for dei aller minste (1-6 klasse), deretter ungdomsdisko (7-10. klasse). På Drøs spelar Tor Hellesnes opp til god stemning medan sommarquizen sparkast i gong på Den Grøne Kafe. .

Fredag ettermiddag brakar det laus med musikk og god stemning på kaien, moteshow og den unike tilstellinga med Noregsmeisterskap i Pallepadling. Premiering går til beste lag og mest kreative lag.  Nytt på programmet er tvekamp med mjølkespannlyfting; ein styrkeprøve open for alle aldersklassar. På kvelden vert helga fyrt i gang hjå Den Grøne Kafe på Rockabilly-vis med The Vossa Rebels, etterfylgd av Nevetninga - lokalband frå Bolstad. Til slutt køyrer Den Grøne Kafe Sommardisco til langt på natt.

Laurdag inviterer me til moro på og ved kai og vatn; på kaien finn du mellom anna sommartorg med spanande lokalprodukt og bedrifter. Eliasbåten er på plass for å køyre på fjorden med dei aller minste og Gråtass står oppstilt for dei som har lyst å helse på han. I mellomtida køyrer Ulvik Vasskiklubb på fjorden. Sterk? Bli med på hengekonkurransen då vel! Flotte premiar til beste jente og gut under 16 år, samt mann og kvinne over 16 år. For dei aller minste er det i tillegg bornekonsert med Mikkel og Reverockerne i festivalteltet før fiskekonkurransen med flotte premiar og afterfish i hagen ved Brakanes Hotell. Medan fiskarane prøvar fiskelukka, prøver resten andelukka då 700 lodd-ender vert slept ved E-verksbrua og sym nedover Tysso. På kvelden spelar Splint opp til fiskardans med "Me elskar 80-talet" og hits frå fleire tiår både gamal og ung kan svinga seg til heile natta lang. .



Detaljert program for i år:




Påmelding og billettkjøp:

Påmelding til Pallepadling innan fredag 7. juli kl. 15:00 til Ulvik Turistkontor (ulvikturist@ulvik.org, tlf 56 52 62 80). 2 stk per lag; premiering til beste lag og mest kreative lag (gratis)

På kaien, laurdag 8. juli: Moro med Ulvik Vasskiklubb, Eliasbåten (gratis) og Gråtass (gratis)

Billettprisar:
Festivalpass, kr 550: Inkluderer inngang til Tor Hellesnes, Quiz på Gden Grøne Kafe, Vossa Rebels, Nevetninga, Sommardisco og 80-talsfest med Splint (samla verdi på kr 900)
 
Enkeltbillettar kan òg kjøpast i døra:

Torsdag 6. juli
Tor Hellesnes ? solo akustisk trubadur på Drøs; kr 150
Sommarquiz på Den Grøne Kafe; kr 50
 
Fredag 7. juli
Konsert med The Vossa Rebels, rockabillyband frå Voss; kr 200
Nevetninga og Sommardisco i festivalteltet; kr 300
 
Laurdag 8. juli
Mikkel og Reverockerne; familiekonsert for små og store; kr 50 for born, kr 100 for vaksne, kr 200 for familie (2 vaksne + 2 born)
«Me elskar 80-talet» med Splint på Brakanes Hotell; kr 200
 

Kontakt:
Ulvik Turistkontor
Tyssevikvegen 9-11, 5730 Ulvik
ulvikturist@ulvik.org
56 52 62 80
 

Messeområdet på kaien i Ulvik